Sogn og Fjordane Kunstmuseum presenterer utstillinga FAMILIEGRAFIER, ei fotoutstilling av Christine Hansen på Kunstsenteret i Førdehuset i perioden 9. juni til 6. august og på Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø 25.august til 1. oktober.
Christine Hansen er fødd i Bergen i 1969 og vaks opp i Florø. Ho bur og arbeider i Bergen.
I prosjektet Familiegrafier nyttar kunstnaren eigne fotografiske minne og modellar til å lage nye familiebilete. Familien vert fokusert i ei mindre intim og familiær form, relatert til stader, landskap og bygg frå ulike stader i verda.
Christine Hansen søker gjennom sine ulike kunstprosjekt å undersøke og utvide referansane for kunstomgrepet. Å nytte privatsfæren i kunstprosjekt kan vere problematisk i høve til kva som er personleg, det som faktisk høyrar til privatlivets fred, og kva som kan vere av allmenn interesse. Måten Christine Hansen arbeidar på gjer at ho står fram med ei ganske so eineståande stemme, og resultata fortel om ein personleg kunstnarleg nerve.
Til denne utstillinga nyttar Christine Hansen sine eigne erfaringar til ei undersøking, som nærast er ein dokumentasjon, av det ålmenne ved familiebileta og dei estetiske utfordringane som knyt seg til desse. Mange av oss har bilete og minne ¿frå somrane hos bestemor¿ og vi har album som fortel om familieselskap og andre private hendingar. Christine Hansen freistar finne ut korleis desse bileta verkar på minne vårt og på bilete vårt av ein slags felles kultur eller kulturarv. Kva er det som er felles, og korleis har det seg at desse private og ulike bileta gjer at vi hugsar ting som representerar felles verdiar eller kulturgods? Ho undersøkjer eller skildrar assosiasjonar eller historier, som desse private bileta produserar no i ettertid, og korleis det ser ut på desse stadane i dag.
Velkommen til førehandsframvising fredag 9. juni kl. 10.oo.
Utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Norsk Fotografisk Fond og Bergen Kommune.